SOSIONOM / VERNEPLEIAR

Avdeling for rusmedisin, AFR Poliklinikk Murhjørnet

Europe , Norway

General

Ending On: 15 Aug 2021 11 days to go

Keyskills

Job Description

We are looking for SOSIONOM / VERNEPLEIAR

Education:

Employment:

Requirements: Location: Norge / Vestland / Bergen
Apply Now

Stillingsinformasjon

Tittel
SOSIONOM / VERNEPLEIAR
Kategori
  • Utdanning, Forskning og Utvikling
  • Utdanning og Undervisning
  • Barnehage,Førskole og SFO
Arbeidstid
Heltid
Arbeidssted
Norge, Vestland, Bergen
Søknadsfrist
15 aug 2021

Org. nr: - Stillingsident: 4411727699 Presentasjon av stillingen:

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har 2 poliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med Psykisk helsevern m.a ved geografisk deling av poliklinikktenestene, noko som vil bidra til utvikling av tettare samhandling med DPSer og kommunale tenester. Avdelinga har eigen forskingseksjon med mange spennande prosjekt.

I AFR poliklinikk i Murhjørnet er det ledig fast stilling som sosionom / vernepleiar frå snarast.

Poliklinikken held til i moderne lokale i Bergen Sentrum (Murhjørnet). Den tverrfaglege bemanninga består av psykologar, psykiatarar, rusmedisinarar, kliniske sosionomar, spesialsjukepleiar, vernepleiar, musikkterapeut og erfaringskonsulent. Fleire av dei tilsette er i ulike vidareutdanningar. Til saman er det ca 45 årsverk knytta til poliklinikken.

Poliklinikken er organisert i tverrfaglege team, og det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar i dei enkelte pasientforløp. Det er regelmessig internundervising, faste fag- og forskingsdagar og avdelinga legg og til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Poliklinikken tilbyr kartlegging og behandling av avhengigheitstilstandar, her ofte i kombinasjon med psykisk liding (ROP tilstandar). Vi tilbyr behandling både individuelt og i gruppe. Vi gjev og tilbod om musikkterapi, nettverks- og pårørandeoppfølging. Poliklinikken gjev tilbod til pasientar frå 15 år og oppover. Polilkinikken har fast samarbeid med "jobb først" (ips) konsulentar som knytt opp til AFR og held til poliklinikken.

Poliklinikken har og eit vurderingsteam, som har ansvar for å vurdere alle tilvisingar til TSB i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med sosialfagleg hjelp til pasientar i poliklinikken
  • Bidra til sosialfagleg utgreiing og behandling av rusmiddelavhengige, dette ofte i kombinasjon med psykisk helsetilstandar. Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
  • Poliklinikken er opptatt av å utvikle differensierte tenester, mellom anna har vi fleire tilbod om gruppetilbod (m.a grupper i traumestabiliserande og tilbakefalls-førebyggingar) og familie/nettverksorienterte metodar. Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med å arbeide med målgruppe, antan i det kommunale system eller i spesialisthelsetenesta vil vera ein føremon, men ingen føresetnad
  • Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Utdanna sosionom eller vernepleiar med autorisasjon

Utdanningsnivå

  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anja Therese Bakke, Assisterande seksjonsleiar/ Psykologspes., 48293007, anja.therese.bakke@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Østre Muralmenningen 7
5012 Bergen

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4411727699
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2021

Mer informasjon om stillingen
Sted
Østre Muralmenningen 7, 5012 BERGEN
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid
Antall stillinger
1

Key Responsibility

Company Profile

Employer: Avdeling for rusmedisin, AFR Poliklinikk Murhjørnet

About Company:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

View Contact Details

Contact for any query

Similar Jobs

Coordinateur généra...

Africa , Algeria

General


NA
Posted On: 18 Jul 2021

* Coordnation Assistant -...

Africa , Angola

General


NA
Posted On: 31 Jul 2021

Animateur PNDPE Dangbo

Africa , Benin

General


NA
Posted On: 28 Jul 2021

Animateur PNDPE Copargo

Africa , Benin

General


NA
Posted On: 28 Jul 2021

Deputy Chief of Party (DC...

Africa , Burkina Faso

General


NA
Posted On: 19 Jul 2021